MØRE OG ROMSDAL -Informasjonsmøte for nye faste verjer

MØRE OG ROMSDAL -Informasjonsmøte for nye faste verjer


Arrangementdetaljer


Fylkesmannen i Møre og Romsdal treng fleire samfunnsengasjerte personar som kan stille som verje for barn og vaksne.

Å være verje er å gje personar med hjelpebehov den hjelp dei måtte trenge innanfor område av personleg og/eller økonomisk art.

Fylkesmannen inviterer til informasjonsmøte for alle som ynskjer å vite meir om verjerolla.

Tid og stad:

  • 16. oktober – Scandic Parken hotel i Ålesund – kl. 1800 – 2030
  • 17. oktober – Høgskulen i Volda – kl. 1800 – 2030

Begge møta har likt innhald.

Økonomi:  Møtet er gratis for deltakarane.

Påmelding:  Det er elektronisk bindande påmelding innan 8. oktober 2018.  Påmeldingsskjema finn du lenger ned på denne sida.  Spørsmål knytta til påmelding rettast på epost til fmmrkurs@fylkesmannen.no eller på telefon 71 25 85 05.

Stadfesting:  Du vil automatisk motta ei stadfesting direkte på din epost når påmeldinga er gjort.  Om du ikkje mottek slik stadfesting, er du ikkje blitt registrert som deltakar.  Sjekk om du har fylt ut alle felt.

Påmelding til informasjonsmøte om verjemål

 

INFORMASJONSMØTE OM VERJEMÅL

VÆR MED Å UTGJER EI STOR FORSKJELL

Fylkesmannen treng fleire verjer i Møre og Romsdal

Verjemålsavdelinga hos Fylkesmannen har i dag registrert rundt 3600 verjemål i Møre og Romsdal.

Dette er personar som av ulike diagnosar ikkje kan stille opp for seg sjølv og treng nokon til hjelpe seg. Fylkesmannen kan då tildele dei eit verje til å hjelpe seg. Dette kan gjelde både på det personlege og økonomiske området.

Med personlege forhold gjeld det alle formar for representasjon og det å ivareta rettane utøver økonomiske forhold. Dette vil kunne være søknadar om trygde- og sosialstønadar frå det offentlege og klage på vedtak frå det offentlege.

Med økonomiske forhold skal verje sørge for orden i økonomien og at rekningar blir betalt. Verje med ansvar for økonomi, har regnskapsplikt og må levere rekneskap til fylkesmannen ein gong kvart år. Dette er ikkje eit komplisert rekneskap, men handlar enkelt sagt om at verje må sende inn skattemelding, årsoppgåver og kontoutskrifter .

Å være verje er eit betalt mandat.

Verjemålsavdelinga har eit korps av faste verje som vi bruker når det ikkje er pårørande eller vener som kan ta på seg oppdraget som verje. Vi har treng fleire personar som vi kan kontakte i verjemålssaker, slik at verjetrengande får eit verje nær seg med rett kompetanse til si sak.

Den som skal være verje, må være godt egna til oppgåva som verje. Kravet er at verje er myndig, har god orden i eigen økonomi og eige liv, har gode datakunnskapar og kan jobbe sjølvstendig. Fylkesmannen krev godkjent kredittsjekk og godkjent politiattest frå verje. Ein av dei viktigaste kunnskapane til eit verje, er gode mellommenneskelege kunnskapar.

Fylkesmannen arrangerer informasjonsmøte :

Rica Parken Ålesund, tysdag 16. oktober kl. 1800 – 2030

Høgskulen i Volda møterom Strøm 243, onsdag 17. oktober kr 1800 – 2030

På agendaen står rolla som verje, verje sine oppgåver og måndag og kva eit verjemål er.

Fylkesmannen trenge fleire verjer på Sunnmøre, og håpar mange kjem på informasjonsmøte.

X

Glemt passord?

Bli medlem

Tilbakestill glemt passord
Skriv inn epostadressen dersom du vil ha tilsendt nytt passord