Trygdedrøftingane er gjennomførte etter gjeldande reglar for regulering av grunnbeløpet og pensjonar. Talgrunnlaget har vore drøfta med Pensjonistforbundet, Senior Norge, Forsvarets seniorforbund, Landsforbundet for offentlige pensjonister, Funksjonshemmedes Felles­organisasjon, Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner, LO, YS, Unio og Akademikerne.

– Pensjonane følgjer lønnsutviklinga i samfunnet i gode og mindre gode tider. I ei utfordrande tid, kor ein viser moderasjon i lønnsoppgjeret, vil også pensjonistane bli påverka. Pensjonistane får ein årleg auke i pensjonane på 1,2 prosent, seier arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen.

Kven får kva?

Alderspensjon under opptening, uføretrygd og andre ytingar som er regulerte gjennom grunnbeløpet får ein inntektsauke på 1,50 prosent frå 1. mai, medan årleg auke blir 2,01 prosent.

Alderspensjon under utbetaling  får ein auke i pensjonen på 0,74 prosent frå 1. mai, medan årleg auke blir 1,2 prosent.